Kommunehuset "flyttar" til Sæbyggjen i veke 30
Det er som alltid litt endra opningstider også i Valle kommune i sommar.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 29.06.2026 10:07
Sist endra 29.06.2026 10:07

Frå veke 28, det vil seie måndag 6. juli til og med veke 31, til og med fredag 31. juli, er opningstidene i kommunehuset i Valle klokka 10-14.
Flyttar til biblioteket
Unnataket er veke 30, frå måndag 20. juli til fredag 24. juli - den veka er det samdrift med biblioteket i Sæbyggjen, og det er dit ein må vende seg. Den veka er opniningstida klokka 11-15.