Kommunestyremøte i Valle torsdag 22. oktober

Torsdag 22. oktober klokka 17 samlar dei folkevalde i Valle kommune seg i kommunestyresalen. Der skal ei heil rekkje politiske saker handsamast.

Det er kommunestyremøte i Valle torsdag 22. oktober. Her frå møtet i september. Ole Birger Lien

Før sjølve det politiske møtet tar til blir det presentasjon av fem fagnotat frå studentar i samfunnsplanlegging på UiA. Så går det slag i slag gjennom sakslista.

Frå kulturarv til skulematordning

Frå innkallinga ser ein at kommunestyret skal sjå på alt frå skulematordning til handlingsplan 2026-2030 for immateriell kulturarv i Setesdalsregionen, søknad om fritak frå verv som medlem i eldrerådet ut valperioden og vegplan 2027-2036.

Møtet blir streama på Valle radio

Her er innkalling og saksliste