Kondolanseprotokoll lagt ut på kommunehuset i Valle
I samband med bortgangen til Kong Harald V er det no lagt ut kondolanseprotokoll i kommunehuset i Valle. Protokollen er tilgjengeleg kvardagar mellom klokka 07.30-15 fram til gravferda. Det er lagt ut kondolanseprotokoll også i kyrkjene i kommunen.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 28.08.2026 11:43
Sist endra 28.08.2026 11:43
Ole Birger Lien
Med meldinga om Kongens bortgang går Noreg inn i ein sørgeperiode fram til etter gravferda. Dette vil naturleg nok prege samfunnsbiletet. Det blir i dag og fram til gravferda flagga på halv stong frå alle kommunale flaggstenger.
Opne kyrkjer
Klokka 12-13 i dag ringer kyrkjeklokkene i heile landet. Valle kyrkje er open i dag frå klokka 12-21. Hylestad kyrkje er også open til klokka 21 i kveld. Kyrkjene er vidare opne kvar dag frå klokka 10-21 fram til gravferda. Det ligg ute kondolanseprotokoll i båe kyrkjene.
Så normalt som råd for born og unge
Skular og barnehagar har normal drift i sørgeperioden. Det er meininga at arrangement og aktivitetar for born og unge skal gjennomførast så normalt som råd. Ved arrangement elles må arrangøren ta ei vurdering på om det høver seg å gjennomføre i sørgeperioden. Regjeringa har utarbeidd ein rettleiar til hjelp for arrangørar.
Her finn du rettleiaren
Har ein spørsmål om eller ynskjer hjelp i vurderinga kring eit arrangement, kan ein vende seg til beredskapskoordinator i Valle kommune, Gunn Marith Homme på tlf 91837000.