Kong Harald V til minne

Det var med stor sorg me mottok meldinga om at Kong Harald har gått bort. 

Det kongelege hoff

Våre varmaste tankar går til dronning Sonja og resten av kongefamilien i denne tunge stunda.

Kong Harald var ein samlande monark som gjennom heile sitt virke var oppteken av å vere konge for alle. Inkludering, respekt og mangfald stod sentralt i gjerninga hans, og han møtte menneske med varme, nærleik og ekte interesse. Gjennom utallige besøk i kommunar over heile landet fekk folket eit nært forhold til kongen sin. I 1993 var det Valle kommune sin tur, og kongeparet fekk ei innhaldsrik reise gjennom ein feststemt kommune desse maidagane. Med sitt lune vesen, sin gode humor og si uhøgtidelege framferd vart Kong Harald folkekongen mange kjende seg heime hos.  

Kong Harald vart konge i 1991. Gjennom ei historisk lang regjeringstid leidde han monarkiet inn i ei ny tid, samstundes som han heldt fast ved verdiane som har vore berebjelken i det norske samfunnet: tillit, fellesskap og respekt for kvarandre. For mange nordmenn var kongen meir enn eit statsoverhovud. Han var ei trygg røyst i både glede og sorg, under nasjonale feiringar og i krevjande tider. Orda hans samla landet når det trong det som mest, og den menneskelege tilnærminga hans skapte respekt også langt utanfor Noregs grenser.

Vi vil òg minnast det sterke og livslange kjærleiksforholdet mellom kong Harald og dronning Sonja. Historia deira har vist verdien av mot, truskap og det å stå opp for det ein trur på. Saman har dei representert kontinuitet, styrke og nærleik til folket. I dag står Noreg i djup takksemd og respekt ved tanken på livet og gjerninga til kong Harald. Vi takkar for tenesta, klokskapen og den urokkelege plikta han viste gjennom eit langt liv i landet si teneste. Minnet om kongen vil leve vidare i hjarta til folket.

Samstundes vender vi blikket framover. Me ønskjer den nye kongen, Hans Majestet kong Haakon, all mogleg lukke og visdom i den viktige gjerninga som no ventar. Må han føre arven vidare med same omsorg for folket og same kjærleik til landet som vi har opplevd gjennom kong Harald si tid på trona.

Valle kommune lyser fred over kong Harald sitt minne.

Lars Tarald Myrum
Ordførar