Kulturveka dundrar vidare heile veka!
Kulturveka i Valle er godt i gang, og dundrar vidare like til førstkomande sundag med spennande arrangement kvar einaste dag.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 05.10.2026 10:45
Sist endra 05.10.2026 10:57

Alt tidleg i dag byrja det med barneteater i barnehagane, og i kveld er det konsert med Silje Høgevold og Eirik Hodnemyr i Valle kyrkje.
Frå grautfestival til språkmoro
I morgon og dagane framover ventar mellom anna Due og Drone - Fløgstad og Raknes, grautfestival i regi av Valle bygdekvinnelag, debatt om datasenter, familietur i Rysstad turpark, Linda Eide språksjov og ikkje minst konsert med Bjørn Tomren i Valle kultursenter sundag. Mykje å få med seg også denne veka, med andre ord!