Kulturveka med nok av godbitar att fram til sundag!
Kulturveka i Valle går vidare med stort og smått kvar einaste dag fram til og med sundag 11. oktober - og no i helga er det fleire godbitar i vente!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 09.10.2026 09:27
Sist endra 09.10.2026 10:57
Linda Eide kjem til Valle med språksjov laurdag 10. oktober!I dag er det basar i Broderheimen frå klokka 16. Mange har nok tenkt seg til Rysstad i morgon, med familietur i den nyopprusta turparken frå klokka 12. Der blir det både grilling og quiz. Linda Eide er klar med språksjov i Valle kultursenter klokka 20, og sundag ventar storkonsert med Bjørn Tomren i Valle kultursenter frå klokka 18. Det skal altså noko til å ikkje finne på noko å gjere i Valle og Hylestad i helga!