Kurs i Friskus aktivitetskalender torsdag 11. juni
Meir enn 2000 menneske har lasta ned appen Friskus og får nyheitsmeldingar frå Valle kommune beint inn i mobiltelefonen. Integrert i appen er også ein aktivitetskalender lag og foreiningar kan legge inn sine aktivitetar i. Torsdag 11. juni klokka 18 blir det skipa til kurs i korleis ein skal bruke kalenderen.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 08.06.2026 09:05
Sist endra 08.06.2026 09:17
Leiar velkomst i Valle kommune, Gunn Marith Homme, håpar mange blir med på kurs torsdag.
Ole Birger Lien
Om ein alt har brukar, men treng hjelp til å lære korleis ein legg inn aktivitetar, eller er heilt ny og treng hjelp også til å opprette brukar - er kurset midt i blinken! Kurset går føre seg i kommunehuset i Valle.
Må melde seg på
Ein kan også få hjelp viss ein vender seg til velkomstsenteret i Valle kommunehus i opningstida. Den som vil ha med seg kurset torsdag må melde seg på her:
annbjorg.bjorgum.sagneskar@valle.kommune.no eller sentralbord@valle.kommune.no
For å opprette brukar: valle.friskus.com