Lars Saabye Christensen kjem til Valle med «TID»

Valle får storfint besøk når forfattar Lars Saabye Christensen og musikar Steinar Raknes kjem med konsertprosjektet «TID». Publikum kan sjå fram til eit nært og heilt spesielt møte mellom litteratur og musikk, arrangert av Valle bibliotek og Folkeakademiet Valle. Staden er Sæbyggjen i Valle sentrum i morgon onsdag 18. november klokka 18.

Lars Saabye Christensen (t.v.) og Steinar Raknes kjem til Valle. Nina Djaerff

Det er ikkje kvar dag ein av dei mest kjende og folkekjære forfattarane i Noreg tek turen til Valle. Lars Saabye Christensen har gjennom fleire tiår vore ei markant stemme i norsk litteratur, og denne gongen kjem han saman med musikar og komponist Steinar Raknes. Saman står dei bak «TID», eit album- og konsertprosjekt der Saabye Christensen har skrive tekstane og Raknes har sett musikk til dei. Albumet kom ut i desember 2025. Som tittelen antydar, handlar prosjektet om tid. Tida vi lever i, tida vi har, tida vi mistar og tida vi får. Men òg om korleis tida formar oss, og om den tida verda vi lever i, står i.

Litteratur møter musikk

Musikken i «TID» hentar inspirasjon frå mellom anna americana, jazz, blues og norsk visetradisjon. Uttrykket er akustisk og nært, og tekstane står sentralt. På scena blir orda og musikken vovne saman. Saabye Christensen les og framfører tekstane sine i direkte dialog med musikken til Raknes. Resultatet ligg ein stad mellom konsert, diktlesing og improvisasjon. I duoformatet møter publikum Steinar Raknes på vokal, kontrabass og gitar, medan Lars Saabye Christensen står for tekst og opplesing. Det nære formatet gir mykje rom for både tekstane, musikken og samspelet mellom dei to.

Har fått strålande kritikk

«TID» har allereie fått svært gode tilbakemeldingar. Etter konserten under Nordlysfestivalen i Tromsø i februar 2026 gav Avisa Nordlys prosjektet fem stjerner og skildra møtet mellom dei to som «en flott time, preget av underfundige ord om tid og viltre kontrabass-strenger».Også Harstad Tidende gav konserten fem stjerner og omtala samarbeidet som «et unikt samarbeid» og «en fabelaktig time». Albumet «TID» har òg fått fem stjerner i PULS/Klassekampen, medan konserten under Bjørnsonfestivalen i 2025 fekk toppkarakter i Romsdals Budstikke. På sjølve albumet medverkar også den amerikanske munnspelmusikaren Mickey Raphael, kjend frå samarbeidet med mellom andre Willie Nelson og Chris Stapleton.

Ei sjeldan oppleving i Valle

For Valle bibliotek og Folkeakademiet Valle er det ekstra stas å kunne invitere til eit arrangement med to så etablerte kulturpersonlegdomar. Lars Saabye Christensen har ein heilt særskild posisjon i norsk litteratur, medan Steinar Raknes gjennom mange år har markert seg som bassist, komponist og artist. I «TID» møtest dei to kunstnarane på tvers av litteratur og musikk. For publikum i Valle blir dette dermed ei sjeldan moglegheit til å oppleve Saabye Christensen og Raknes på nært hald, i eit prosjekt der dei store spørsmåla om livet og tida blir formidla gjennom både ord og tonar.

Arrangørar er Valle bibliotek og Folkeakademiet Valle.