Luftakrobatikk høgt over Vallebygda!
Det er ikkje eit ukjent fenomen at somme stader i liene aust for Vallebygda blir nytta som utgangspunkt for paraglidarar og hangglidarar - likevel skal det noko til å toppe tysdag i denne veka!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.07.2026 15:00
Sist endra 24.07.2026 15:00
Paraglidarar over Vallebygda tysdag i denne veka.
Ole Birger Lien
Når Gamaveka på Bygland går føre seg er det kort veg opp til Valle, og mange av luftakrobatane tar akkurat den turen både ei og fleire gonger i løpet av juli månad. Tysdag ettermiddag var det så mange som 10-12 paraglidarar i lufta samstundes - alle i luftige svev ut over bygda. Med flott ver og grei oppdrift såg det ut til at tilhøva var sers gode. På fine dagar med gode forhold kan dei mest drevne hoppe ut i Valle og sveve like til Bygland i desse farkostane!