Mange på innspelsmøte om Valle frivilligsentral

Nyleg vart det skipa til innspelsmøte om etablering av Valle frivilligsentral, og oppmøtet var godt.

Fagleiar frivilligheit og kultur i Valle kommune, Rebecca Egeland, arbeider vidare med etableringa av Valle frivilligsentral. Ole Birger Lien

Av tema på møtet var melom anna korleis ein skal samkøyre i høve arrangement, ynskjet om fleire treffpunkt mellom kommunen og frivillige vart drøfta, og ein var også innom korleis ein utlånssentral kan fungere.

Fleire møter

I tida som kjem skal det skipast til fleire møter i samband med etablering av frivilligsentralen. 

– Me kan også kome innom ulike lag og foreiningar for workshops, seier Rebecca Egeland i Valle kommune.

Viss ein har spørsmål eller innspel kan ein nå Egeland på tlf 95143433. Frivilligsentralen skal vere lokalisert på Valle kultursenter, og oppstart blir 1. januar neste år.