May-Lis Flateland, her frå då ho fekk Valle kommune sin kulturpris, er tildelt H.M. Kongens Fortenstmedalje.
Ole Birger Lien
May-Lis Flateland frå Valle får Kongens fortenstmedalje for ein livslang innsats for å ta vare på og føre vidare kulturarv, tradisjonshandverk og lokalt engasjement. Kongen tildelte medaljen 7. august 2026.
Tildelt av Kong Harald V
Gjennom fleire tiår har May-Lis Flateland vore ein viktig berar og formidlar av tradisjonar i Setesdal. Ho har gjort seg særleg merkt mellom anna innan rosemåling, bunadssaum, veving og tradisjonsmat, og har gjennom kurs, opplæring og kulturarbeid bidrege til at kunnskap og handverkstradisjonar blir ført vidare til nye generasjonar.
– May-Lis Flateland har gjennom eit langt liv lagt ned ein imponerande innsats for å ta vare på og formidle kulturarven vår. Ho har ikkje berre halde handverkstradisjonar i hevd, men òg gjort kunnskapen tilgjengeleg for andre. Slik har ho vore med på å sikre at viktige delar av kulturhistoria i Setesdal lever vidare, seier statsforvaltar Gina Lund.
Det var 7. august 2026 kongen tildelte fortenstmedaljen til May-Lis Flateland. Denne er dermed mellom dei siste fortenstmedaljene tildelt av Kong Harald V. I dei tilfella der søknadane vart handsama og godkjent av Kong Harald V, har medaljene Kong Harald sitt portrett. Diploma har Kong Harald sitt namn, men er signert av Hans Majestet Kong Haakon VIII.
Eit liv i tradisjonane si teneste
Flateland har gjennom mange år undervist i og halde kurs i mellom anna rosemåling, prydsaum og veving. Ho har mellom anna vore ein pådrivar for å ta i bruk att eldre plagg og draktdetaljar, og har i lag med verksemda Hasla rekonstruert eit historisk brurelad. Arbeidet hennar har vore med på å halde kunnskapen om dei lokale handverkstradisjonane levande. Ho har dessutan vore ein sentral bidragsytar til fleire bøker om kultur og tradisjonar i Setesdal gjennom Valle Bygdekvinnelag: Tradisjonsmat frå Valle, Rette klede i Setesdal og Gøymde og gløymde skattar – band og belte frå Setesdal, som kom ut i 2024. For innsatsen sin har Flateland mellom anna fått Valle kommune sin kulturpris i 2019. Ho er òg æresmedlem i Valle Bygdekvinnelag.
– May-Lis har vore ein av dei fremste kapasitetane våre innan tradisjonshandverk. Gjennom arbeidet sitt med rosemåling, saum, veving og lokal matkultur har ho bidrege til å halde kunnskapen om tradisjonane våre levande. Ho har òg vore ein viktig ressurs i frivillig arbeid og i lokalsamfunnet elles. Denne tildelinga er ei anerkjenning av ein livslang innsats, seier ordførar Lars Tarald Myrum.
Også ein pioner i hestesporten
Engasjementet til Flateland har òg sett spor utanfor Setesdal. Før ho flytta til Valle på slutten av 1970-talet, var ho aktiv i Arendal og Grimstad Rideklubb. Ho var med i det første interimsstyret rundt 1969–1970 og bidrog i oppbygginga av klubben og rideaktiviteten. Ho var mellom anna rideinstruktør for barn og ungdom, konkurranseryttar og dressurdommar. I tillegg bidrog ho sterkt i organiseringa av juletrefestar, cowboyfester og dei kjende Rytterballa i Arendal rådhus – særmerkt for både kvalitet og stil.
– Flateland har gjennom ei årrekke delteke i både politikk, organisasjonsbygging, kurs og kulturarrangement. Gjennom eit langt liv har ho på denne måten bidrege både til kulturformidling, frivillig verksemd og utvikling av eit aktivt lokalmiljø, seier ordførar Lars Tarald Myrum.
– Kongens fortenstmedalje blir delt ut som ei anerkjenning av særleg samfunnsgagnleg innsats over tid. Tildelinga til May-Lis Flateland er ei heiderleg påskjøning for arbeidet hennar med å ta vare på, vidareføre og formidle kulturarv og tradisjonar, avsluttar statsforvaltar Gina Lund.
May-Lis Flateland vert sjølv orientert om tildelinga i dag, men sjølve medaljen vil bli høgtideleg overrekt ved eit seinare høve der både statsforvalter og ordførar vil vere til stades.
Kontakt for media:
Valle kommune: Ole Birger Lien 90893458
Statsforvaltaren i Agder: Dag Ole Teigen 97159316