Meiropen idrettshall gjev fleire moglegheiter for aktivitet

Det er meirope i Vallehalli i helgene, og i skuleferiar er det ope kvar dag mellom klokka 18-20. Tilbodet skal gjere det enklare for både born, unge og vaksne å vere fysisk aktive når det passar dei best.

Valle kommune

Idrettshallen er open fredagar frå klokka 16.00 til 20.00, og laurdagar og sundagar frå klokka 08.00 til 20.00. I skuleferiane er altså hallen open kvar dag frå klokka 18.00 til 20.00. For at ordninga skal fungere godt, er det sett opp nokre enkle trivselsreglar. Alle brukarar skal rydde etter seg sjølve og dei dei er saman med. Dersom det trengst, oppmodar kommunen også til å hjelpe med å rydde etter andre. Målet er at hallen skal vere ryddig når dørene stengjer.

Ope lager

Eitt av utstyrslagera vil vere ope når hallen er meiropen. Alt utstyr som blir teke i bruk, skal leggjast tilbake på rett plass etterpå. Dette gjeld også dersom utstyret vart teke fram av andre før ein kom til hallen. To garderobar med toalett vil vere opne for brukarane. Kommunen ber alle bidra til å halde desse områda reine og ryddige. For å få tilgang til hallen må ein nytte appen SolverApp Open Hall. Born under 12 år må vere i følgje med ein vaksen.

Valle kommune håpar innbyggjarane tek godt vare på tilbodet og brukar idrettshallen aktivt til trening, leik og fellesskap.

Opningstider

  • Fredag: kl. 16.00–20.00
  • Laurdag og sundag: kl. 08.00–20.00
  • Skuleferiar: kl. 18.00–20.00 kvar dag

Ved tekniske problem kan teknisk vakt kontaktast på telefon 970 03 800.