Meiropen idrettshall i helgene

Både i helger og feriar er det meirope i Vallehalli. Fredagar er det ope 16-20, laurdagar og sundagar 08-20.


 

Valle kommune

Opplegget fungerer fint så lenge alle fylgjer reglane - ikkje minst med tanke på rydding. Alle skal rydde etter seg sjølv og dei ein er saman med - dette er eit felles ansvar for alle. Poenget er at hallen må vere rydda heilt når dørene stenger.

Lager ope

Eitt av utstyrslagra er ope og kan nyttast når det er meirope i hallen. Det ein hentar ut, skal ein også leggje på plass att. Det er to garderobar/toalett opne. Også der skal det haldast ryddig. For å logge seg inn i hallen nyttar ein appen SolverApp.

Born under 12 år skal vere i fylgje med vaksen. Tlf teknisk vakt: 97003800