Mindre endring av områdeplan for Valle sentrum - Parkeringsplass for Valle kyrkje

KUNNGJERING

Plan- og miljøutvalet vedtok 09.09.26, sak 67/26 ei mindre endring av områderegulering for Valle sentrum, planID 201102.


Formålet med endringa er å legge til rette for parkering ved Valle kyrkje.
Saksdokument finn dykk her:
Vedteken endring av parkering

Planomtale av mindre endring av områderegulering Valle sentrum (PDF, 3 MB)

Plankart områdeplan Valle sentrum (PDF, 2 MB)

Føresegner med mindre endringar (PDF, 139 kB)

 

Vedtaket kan påklagast til Valle kommune. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen brevet kom fram til påført adressat. Det er nok at klaga er postlagt innafor denne fristen.

Klaga skal sendast skriftleg til den som har gjort vedtaket. Oppgjev kva for eitt vedtak det vert klaga på, gjerne med saksnummer, den eller dei endringar De ynskjer, og grunnen til at De meiner klaga må takast til fylgje.