Minnesamling ved Valle bygdeheim før gravferda onsdag 9. september

I forkant av gravferda til Kong Harald V onsdag 9. september klokka 13 skipar Valle kommune til ei open minnesamling ved Valle bygdeheim med oppmøte klokka 12.45. Samlingsområde for dei som møter opp er på plenen og søom flaggstonga.

Det blir minnesamling ved Valle bygdeheim før gravferda for Kong Harald V onsdag 9. september. Ole Birger Lien

Ordførar Lars Tarald Myrum innleier samlinga, og held også ei minnetale, før leiaren i ungdomsrådet legg ned ein krans ved flaggstonga. På slaget klokka 13 er det eit minutts stillheit landet rundt. Samankomsten ved Valle bygdeheim blir avslutta klokka 13.01 med første vers av nasjonalsonga med Anna Slaby som forsongar.

Parkering bak Esso

Folk som kjem i bil og vil vere med ved bygdeheimen må bruke parkeringsplassane bak Esso i Valle sentrum. I tillegg til folk flest vil også elevane ved Valle barne- og ungdomsskule vere med på samankomsten, og det blir sjølvsagt rigga til slik at bebuarane på Valle bygdeheim får alt saman med seg.