Når nettet forsvinn – dette er DSB sine råd
Kva gjer du dersom mobilnettet og internett plutseleg sluttar å fungere? Det er temaet for den nasjonale Eigenberedskapsveka 2026. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) oppmodar alle innbyggjarar til å førebu seg på situasjonar der elektronisk kommunikasjon fell bort.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 28.10.2026 12:31
Sist endra 28.10.2026 12:31
DSB
DSB peikar på at mykje av kvardagen vår er avhengig av mobilnett og internett. Dersom nettet blir borte, kan det bli vanskeleg å få viktig informasjon, kontakte familie og vener eller bruke digitale tenester. Derfor bør alle ha ein plan for korleis dei skal klare seg utan elektronisk kommunikasjon ei tid. Eit av dei viktigaste råda er å ha ein DAB-radio som går på batteri, solceller eller sveiv. NRK P1 er beredskapskanalen som skal formidle viktig informasjon frå styresmaktene dersom andre kanalar ikkje er tilgjengelege.
Batteribank
DSB rår også folk til å lade mobiltelefonar og batteribankar når det er fare for bortfall av straum eller nett, og å ha viktige telefonnummer skrivne ned på papir. Det kan vere lurt å avtale møteplassar med familie og naboar dersom de ikkje får kontakt digitalt. I tillegg oppmodar DSB kommunane til å opprette fysiske informasjonspunkt der innbyggjarane kan få oppdatert informasjon ved langvarige problem med mobilnett og internett.
– God eigenberedskap handlar ikkje om å vere redd, men om å vere førebudd. Enkle tiltak kan gjere både deg sjølv, familien din og lokalsamfunnet meir robuste når noko uventa skjer.