Næringsfrukost på Sølvgarden hotell torsdag 17. september
Valle kommune skipar til næringsfrukost for lokalt næringsliv på Sølvgarden hotell torsdag 17. september klokka 07.30-09.00.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 14.09.2026 10:25
Sist endra 14.09.2026 10:25
Det blir næringsfrukost på Sølvgarden hotell torsdag 17. september.
Ole Birger Lien
Av punkt som er med på agendaen, i tillegg til at kommunen sjølvsagt informerer om aktuelle saker, er Gjenbruksstoga om arbeidsplassar og verdiskaping og Å Energi om nye prosjekt og investeringar i Setesdal. Så blir det sjølvsagt tid til både innspel og dialog om problemstillingar som dukkar opp under møtet.