No er sommardrifta i gang på legekontoret i Bykle

Som i fjor er det samdrift for legekontora i Valle og Bykle i sommarferien. I samdriftsperioden er det legekontoret i Bykle som gjeld, og no er sommardrifta der i gang.

Bykle legekontor er einaste legekontor ope i Valle og Bykle fram til og med 7. august. Ole Birger Lien

Samdrifta i sommar tar til i veke 25, og held fram til og med veke 32 - det vil seie frå måndag i neste veke, 15. juni, like til fredagen i veke 32, 7. august. Det er altså legekontoret på Hovden og i Valle som er stengt desse vekene - og alle pasientar med time må møte i Bykle.