No har Valle kommune meir enn 2200 brukarar på appen Friskus!

Valle kommune har over 2200 fylgjarar via nyheitsappen Friskus - og etter at kommunen også tok i bruk aktivitetskalenderen som er integrert i appen nyttar stadig fleire lag og organisasjonar løysinga. Så er det viktig å hugse på at viss ein lastar ned appen må ein også krysse av for å få nyheitsvarslingar frå Valle kommune!


 

Leiar velkomst i Valle kommune, Gunn Marith Homme, oppmodar lag og foreiningar om å nytte aktivitetskalenderen som er del av appen Friskus. Ole Birger Lien

I tillegg til nyheitsvarslingane har aktivitetskalenderen gjeve bruken av appen ein ny dimensjon. Valle kommune legg sine arrangement i kalenderen - men lag og organisasjonar med alt frå basarar til loppemarknad kan også legge inn sine. Ei digital samhandling om kulturlivet, med andre ord.

Ikkje det kommersielle

Hovudkriteriet for den som skal legge noko inn i aktivitetskalenderen, er at det skal aldri leggjast inn kommersielle arrangement - det er det kommunale, og det friviljuge bygdelivet, som skal ha sin plass her.

Last ned Friskus!

Med den nye aktivitetskalenderen på plass er det altså endå fleire gode grunnar enn før til å laste ned Friskus og krysse av for å fylgje Valle kommune! Appen er gratis å laste ned og bruke.

– Me ynskjer tett og god dialog med fastbuande og tilreisande, og Friskus har vist seg som ein svært effektiv måte å sikre dette på. Det er gledeleg at så mange nyttar appen, og det er plass til endå fleire, seier kommunedirektør Vidar H. Homme.

Last ned Friskus for Android

Last ned Friskus for Apple