No opnar Gjenbruksstoga på Øyne i Valle att
Denne veka opnar Gjenbruksstoga på Øyne i Valle att etter eit opphald i sommar. Butikken er del av Valle bruktbutikk, men satsinga på Øyne er eit samarbeid med SYR/Setesdal miljø & gjenvinning.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.10.2026 10:30
Sist endra 20.10.2026 11:59
Privat
I utgangspunktet er det om torsdagar Gjenbruksstoga skal vere open - og frå no av blir det på ettermiddag kveld. Kvar torsdag framover frå klokka 16-19 er butikken open. I butikken kan ein finne alt frå møblar til lamper og mangt anna til ein rimeleg penge.