Ny avtale sikrar vidare drift av Valle Fjellredningsgruppe
Valle Fjellredningsgruppe, Setesdal brannvesen IKS og Valle kommune har signert ein ny trepartsavtale. Avtalen skal sikre at den viktige frivillige fjellredningsgruppa også i framtida kan vere ein sentral ressurs ved søk og redningsaksjonar i fjell- og utmarksområda i Valle.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.11.2026 15:15
Sist endra 05.11.2026 07:43
Eirik Skogen
Valle Fjellredningsgruppe har gjennom mange år vore ein viktig del av beredskapen i kommunen. Dei frivillige har god lokalkunnskap og særleg kompetanse på søk, framkomst og redning under krevjande fjell- og vinterforhold. Dei siste åra har det kome strengare krav til mellom anna organisering, tryggleik, samband, dokumentasjon og internkontroll for frivillige ressursar som skal delta i redningsaksjonar. Den nye avtalen skal gi fjellredningsgruppa ei meir robust og føreseieleg ramme.
Framleis frivillig innsats
Gjennom samarbeidet skal Setesdal brannvesen IKS mellom anna bidra med system for internkontroll, samband, utalarmering og forsikring. Fjellredningsgruppa skal framleis byggje på frivillig innsats og ha ei sterk lokal forankring i Valle. Målet med avtalen er å ta vare på den viktige lokale fjellredningskompetansen og sikre at gruppa framleis kan nyttast som ein operativ ressurs når menneske treng hjelp i fjellet.