Ny fagleiar frivilligheit og kultur i Valle kommune

Rebecca Egeland er tilsett som ny fagleiar frivilligheit og kultur i Valle kommune. 34-åringen, opphaveleg frå Kvinesdal, kjem frå stillinga som biblioteksjef i Gjerstad kommune. I den stillinga hadde ho også kulturansvar og var kommunens kontaktperson opp mot lag og foreiningar.

Rebecca Egeland er tilsett som ny fagleiar frivilligheit og kultur i Valle kommune. Ole Birger Lien

Egeland tok til i stillinga i Valle 1. oktober. Ho har ikkje mindre enn to masterutdanningar å skilte med, ei grad i tradisjonskultur og ei i kulturstudiar. I oppgåva knytta til den første mastergraden skreiv ho endåtil om nystevtradisjonane i Hylestad!

Drift og bindeledd

– Det er godt å ha kome i gang, det er her eg vil vere. Det blir spennande å bli kjent med kommunen og bygdefolket, smiler ho. 

Hovudoppgåvene hennar i Valle blir drift av Valle kultursenter og Valle frivilligsentral i høve både utvikling og gjennomføring av aktivitetar og arrangement. Egeland blir også bindeledd mellom friviljuge og kommunen.