Ny næringsfrukost på Sølvgarden hotell

Onsdag 25. november blir det invitert til ny næringsfrukost på Sølvgarden. Samlinga varer frå klokka 07.30 til 09.00, og på programmet står både aktuelle næringssaker og informasjon om fleire viktige planarbeid i Valle kommune.

Det er næringsfrukost på Sølvgarden hotell 25. november. Her frå ein tidlegare næringsfrukost. Ole Birger Lien

Valle sparebank vil orientere om dei nyoppussa kontorlokala sine som er tilgjengelege for utleige, i tillegg til andre aktuelle saker. Valle kommune vil gje ei oppdatering om fleire planprosessar som er i gang. Mellom anna blir det orientering om revisjonen av Heiplanen, arbeidet med kommuneplanen sin arealdel og kommunedelplanen for Brokke. 

Dialog

Det blir òg sett av tid til andre aktuelle saker. Eit viktig mål med næringsfrukosten er å leggje til rette for dialog mellom kommunen, næringslivet og andre aktørar. Det blir difor god anledning til å kome med innspel, spørsmål og synspunkt.

Tid: Onsdag 25. november kl. 07.30–09.00
Stad: Sølvgarden