Onsdagskaféen i Valle på handletur til Evje
Onsdag 18. november inviterer onsdagskaféen på Valle bygdeheim til ein hyggeleg handletur til Evje. På programmet står både shopping og ein smakfull jolebuffet på Dølen Hotel.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 16.11.2026 09:28
Sist endra 16.11.2026 09:28
Onsdagskaféen på Valle bygdeheim skal på handletur til Evje 18. november.
Ole Birger Lien
Turen blir eit fint avbrekk i novembermørkret, med høve til å få gjort unna litt førjulshandel, treffe kjentfolk og nyte eit godt måltid i lag. Etter handelen på Evje går turen til Dølen Hotel, der deltakarane kan sjå fram til jolebuffet og god førjulsstemning.
Onsdag: 18. november
Turmål: Evje
På programmet: Handletur og jolebuffet på Dølen Hotel
Onsdagkaféen håpar mange vil vere med på ein sosial og triveleg tur og få ein liten smak av jola alt i november.
Den som har spørsmål eller vil melde seg på kan kontakte Bjørg Straume på tlf 95708242.