Oppstart av endring av detaljregulering

Valle kommune varslar oppstart av endring av detaljreguleringsplan, jf. plan- og bygningsloven §§ 12-3 og 12-8, samt forhandling om utbyggingsavtale, for følgjande tre reguleringsplanar i Brokke i Valle kommune: 
-    Grasdalen – område L1 og J3 i Kvisle, planID 201303
-    Delar av Vardefjødd hyttefelt, gnr/bnr 62/312 m/fl., planID 200703
-    Jarnsverk, planID 200501


Endringane vil bli gjort gjennom ei fullstendig planprosess. Her er lenke til arealplaner.no med dei nye planid'ane. I arealplaner.no får du tilgong til aktuelle dokument i fanen “Planbehandlinger”. Under fanen "Saksdokumenter" finn du alle dokument som er lagra på saka i arkivet.

202601 Detaljregulering for Grasdalen – område L1 og J3

202602 Detaljregulering for Jarnsverk 

202603 Detaljregulering for – del av Vardefjødd hyttefelt

Formålet med planarbeidet er å endre planane i tråd med kommunedelplan for Brokke. Planarbeidet for kommunedelplanen og detaljreguleringsplanane vil gjerast parallelt.

Områda vil konsekvensutgreiast i kommunedelplanen. Det er ikkje krav om ytterlegare konsekvensutgreiing i sjølve detaljreguleringsplanane.

For meir informasjon om Kommunedelplan for Brokke kan du sjå på heimesida HER, og i Areaplaner.no HER

Frist for å komme med innspel er 10.07.2026

Innspel sendast til Valle kommune:
post@valle.kommune.no  
Valle kommune, postboks 4, 4746 Valle