Pårørandeskulen med kurs i Setesdal i oktober
Pårørandeskulen, eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Åseral skipar til gratis kurs for alle som har eit familiemedlem eller ein nær ven som har problem med hukommelse eller ein kjent demenssjukdom. Kurset tar til tysdag 6. oktober.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 27.08.2026 11:13
Sist endra 27.08.2026 11:13

Det er samling den dagen, og dessutan 13., 20.og 27. oktober - kvar gong mellom klokka 18-21. Det er fysisk oppmøte i Bykle helsesenter eller i LMT Evje sine lokalar i sentrumsbygget på Evje.
Mange tema
I løpet av samlingane får ein lære meir om dei ulike demenssjukdomane, utfordrande atferd, kommunikasjon og samhandling, praktiske utfordringar i kvardagenb, branntryggleik for risikoutsette grupper, tilbod i kommunane og mykje, mykje meir.
Påmeldingsfristen er 2. oktober.Ein kan melde seg på til koordinator i Hukommelsesteamet Signe Telhaug på tlf 94520970 eller epost signe.telhaug@e-h.kommune.no