Rygnestadvegen-skilt hadde bokmålsnamn - no er nynorskversjon på plass
Over lengre tid har vegen frå riksveg 9 på Flateland i Valle opp mot Rygnestad vore skilta med “Rygnestadveien”, altså namnet skrive på bokmål. No har det kome nytt skilt på nynorsk på plass.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 24.09.2026 12:08
Sist endra 24.09.2026 12:08
Valle-ordførar Lars Tarald Myrum (t.v.) og Roald Klungland med det nye skiltet.
Annbjørg Bjørgum Sagneskar
– Ein kan sjølvsagt le litt av det, og seie kor viktig var no dette? Eg vil faktisk påstå at slikt er sers viktig. Valle er ein nynorskkommune. Det er ikkje bare noko me seier. Det er ein del av den identiteten me har i Valle kommune, det er ein del av det ein kan kalle merkevarebyggjinga av Valle kommune - og det er i mine auge sjølvsagt at skilta i kommunen skal vere på nynorsk, seier ordføraren.
Ein glipp
Så forstår også ordføraren at det at skiltet hadde tekst på bokmål var ein hendeleg glipp.
– Det ser ein også på responsen frå Statens Vegvesen. Saka vart raskt rydda opp i då dei fekk beskjed, seier Myrum.