SFO i Valle plukka stein og fekk is som betaling!

Det vart ein aktiv arbeidsdag i solskinnet for SFO i Valle tidlegare denne veka då Brd.Tveiten hyra borna inn som steinplukkarar ved Valle stadion!

I full sving som steinplukkarar ved Valle stadion. Frå venstre: Martin Langeid, Knut Richardsson Nomeland, Olav Richardsson Nomeland, Eivind Åkre, Elias Hovden Walsgaard, Svetoslav Melnyk og Johan Hovden. Sistnemnde har tydelegvis forhandla seg fram til forskotsbetaling. Liv Gyro Brokke Homme

Entreprenørane hadde frest opp eit stort plenområde, og det måtte plukkast stein før ein kunne fjadde vidare. Men kva gjer no det når ein har ein slik arbeidsglad gjeng å sette i sving! Med lovnad om iskrem som betaling gnudde borna på og ikkje ein stein fekk ligge i fred! 

Ba om fleire oppdrag

Så moro hadde dei det, at dei etter arbeidsøykta gav verksemda beskjed om at dei ville ha fleire oppdrag - og meir is! Ting tyder på at mellom discgolf og anna moro i Valle SFO så blir det også meir kroppsarbeid i sommar!

Ein liten pause må vere lov, fann Martin Langeid ut. Liv Gyro Brokke Homme Frå venstre Svetoslav Melnyk, Elias Hovden Walsgaard og Johan Hovden med full kontroll på plukkeprosjektet. Liv Gyro Brokke Homme