Skogbrannfare over store deler av landsdelen

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for skogbrannfare over store deler av Agder. Sjølv om varselet gjeld spesifikt for slutten av denne veka, tyder vermeldingane på at ein må passe på i skog og hei i lang tid framover. Varselet gjeld først og fremst frå kysten og austover, men også her i dalen er skogbrannfaren stor.

Det er generelt bålforbod mellom 15. april og 15. september. Pixabay.

Med det strålande sommarveret me nå har fått i alle fall her i sør, turkar det godt opp i skogane og på heia. Bekkar turkar inn, vasstanden er låg og det er svært varmt, også til fjells.Så ser det ut som det flotte veret skal halde fram i langtidsperioden, med minimalt med nedbør og høge temperaturar. 

Råd frå DSB

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har desse råda i periodar med stor skogbrannfare:

Alle har plikt til å opptre aktsamt og vise omsyn slik at brann ikkje oppstår. 

Det generelle bålforbodet gjeld frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det ikkje lov å tenne bål eller grille i eller i nærleiken av skog og utmark, med mindre det er openbert at dette ikkje kan føre til brann.

Når vegetasjonen er turr, bør ein unngå bruk av open eld. Bålbrenning og anna bruk av eld er blant dei vanlegaste årsakene til skog- og utmarksbrannar. Det er difor viktig å følgje med på skogbrannfareindeksen og lokale varsel før ein ferdast eller gjennomfører aktivitetar i skog og utmark.

Viss ein oppdagar røyk eller brann i terrenget, skal ein straks varsle nødnummer 110. Tidleg varsling er avgjerande for å avgrense skadeomfanget og leggje til rette for rask innsats frå brann- og redningsvesenet.