Skogbrannfare-varsel oppgradert til toppnivå
Meteorologisk institutt har i dag 23.7 utvida farevarselet for skogbrann til nivå oransje - det høgaste nivået ein har. Brannvesena i Agder melder om at det den siste veka har vore meir enn 10 skogrannar i fylket.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 23.07.2026 19:06
Sist endra 24.07.2026 14:42
Illustrasjonsbilete.
Pixabay
Varselet gjeld store deler av Agder og landsdelen. Det er no tre aktive skogbrannar i Agder, i Valleheia, Birkenes og Støleheia,
Ikkje betring i sikte
Litt av bakgrunnen for oppskaleringa er at det ikkje ser ut som om skogbrannfaren skal avta med det første. Det er meldt litt nedbør til helga, men truleg er ikkje dette nok til å redusere risikoen. I bygder, skogar, fjell og hei er det no knapt ein vassdam att - så alle må vere ekstra påpasselege.
Gode råd
Brannvesena i Agder har kome med desse råda for å redusere faren for skogbrann:
Ikkje bruk open eld i eller nær vegetasjon eller anna brennbart.
Unngå bruk av bålpanner, eingangsgrillar og anna utstyr som betyr open varme eller fare for gnister. Dette gjeld også ved etablerte bål- og grillplassar i utmarksområde.
Ver forsiktig ved bruk av maskinar, verktøy og kjøretøy i turre område.
Skytebanar bør ikkje nyttast.
Kantslått og tilsvarande aktivitetar bør stoppast.
Kast aldri sigarettsneipar eller fyrstikker i naturen.
Meld frå umiddelbart til 110 viss du ser røyk eller brann.
Brannvesenet vil involvere politiet om det er mistanke om uaktsomheit.
Husk at det generelle bålforbudet gjeld fra 15. april til 15. september