Søknadsfrist for regionale miljøtilskot er 15. oktober
Regionalt miljøtilskot er eit årleg tilskot som skal stimulere gardbrukarar til å gjere ein ekstra miljøinnsats for å fremje miljøgode og avgrense forureining frå jordbruket.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 15.09.2026 12:54
Sist endra 15.09.2026 12:54
Sigrid Bjørgum
Regionalt miljøprogram for jordbruket i Agder 2023–2026 vart fastsett av Statsforvaltaren våren 2023. Programperioden er no forlenga ut 2027. I 2026 har Agder fått 29 millionar kroner til regionale miljøtilskot. Det finst no 25 ulike tilskotsordningar i Agder, fordelte på seks ulike miljøtema.
Her er meir informasjon og søknadsskjema.