Solid mangfald i beredskapsapparatet
Tidlegare i haust vart det skipa til oppstartsmøte for felles beredskapsråd for kommunane Valle og Bykle. Det vart på mange vis ein maktdemonstrasjon der det offentlege og det private saman utgjer eit mangfaldig og solid beredskapsapparat.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.11.2026 09:59
Sist endra 19.11.2026 09:59
Beredskapskoordinator i Bykle kommune, Vidar Johnsen (t.v.) og kommunedirektør i Valle, Vidar H. Homme, under oppstartsmøtet i går.
Ole Birger Lien
Og nettopp den samordninga mellom ulike aktørar, auka fokus på samarbeid og øving i fredstid for å vere så godt førebudd som råd når noko skjer - er bakgrunnen for at også sentrale styresmakter har oppmoda kommunane i Noreg om å etablere slike beredskapsråd. I så måte var oppstartsmøtet i Valle i går eit av mange grep som skal styrke beredskapen både i kommunane men også i landet som heilskap i Totalforsvarsåret 2026.
Mangfald
I løpet av dagen i Valle var mange aktørar inne med informasjon om eigen kapasitet, og synspunkt på korleis samarbeid og ikkje minst samordning mellom aktørane bør vere. Mellom mange andre var det innslag frå politiet, HV, IKT Agder, Norsk Folkehjelp Setesdal, Raudekrossen, Setesdal brannvesen IKS og mange fleire.
Faste møtepunkt
I oppsummeringa av møtet kom det mange positive tilbakemeldingar både om opplegget men ikkje minst nytteverdien. Det vart peika på at jo betre ein kjenner kvarandre jo enklare vil samarbeidet og samordninga bli. Beredskapsrådet i Valle og Bykle skal ha faste møtepunkt 1-2 gonger i året - så blir det ulike hovudtema på kvar samling.
Oktober var beredskapsmånad
Oktober i år var ein månad prega av beredskapsarbeid.15. oktober deltok kommunane på ein nasjonal atomberedskapsøvelse, det same 27. oktober med “Hele Norge øver”. I tillegg vart den nasjonale eigenberedskapsveka gjennomført. Kommunane Valle og Bykle har dei siste åra også gjennomført lokal eigenberedskapsveke like før sommarferien. Det opplegget kjem også til å halde fram.