Solid sommartrafikk til Lauvåsloptet i Valle

Dagsturhytta Lauvåsloptet i Valle har vore ein suksesshistorie frå dag 1! I sommar, med ein lang periode med varme og sol, har mangte teke turen opp i lia over Valle sentrum.

Ole Birger Lien

For der, oppe i lia med utsikt over mykje av Vallebygda, har folk fare langs gamle stiar, i skogsteigar og langs bekkefar, mot ei hytte som blir stadig meir populær. På benkar langs vegen, i skuggen av eit tre eller på graset beint i solsteiken - folk har storkost seg saman.

Ryddig og fint

Vel oppe ved hytta er det beint fram ei oppleving å sjå eit område så shina og lagt til rette for fine rastepausar. Det er tydeleg at folk respekterer reglane knytta til hytta - av med skoa ute, hald orden inne og ute. Frå hytta er utsikta i seg sjølv ei oppleving, men også uteområdet er flott. Her er rigga for bål, det er nok av benkeplass, og det er utstyr lina opp for den som treng det. Bakgrunnen for dagsturhyttene rundt om i fylket er fleirdelt. Det skal vere rekreasjon og eit fritidstilbod, men det har utan tvil også ein funksjon opp mot folkehelse. Lauvåsloptet i Valle er på ingen måte eit unnatak - og har blitt ei perle stadig fleire oppdagar!

Ole Birger Lien Ole Birger Lien