Sommardrifta i gang i Valle kommune - Sæbyggjen er "kommunehus" i veke 30
Det er som alltid litt endra opningstider også i Valle kommune i sommar. Frå denne veka og til og med veke 31, til og med fredag 31. juli, er opningstidene i kommunehuset i Valle klokka 10-14.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 09.07.2026 10:49
Sist endra 09.07.2026 10:49
Sæbyggjen er "kommunehus" i veke 30.
Ole Birger Lien
Unnataket er veke 30, frå måndag 20. juli til fredag 24. juli - den veka er det samdrift med biblioteket i Sæbyggjen, og det er dit ein må vende seg. Den veka er opniningstida klokka 11-15.
Legekontoret stengt
Valle legekontor er stengt til og med veke 32, men i denne perioden er legekontoret i Bykle ope. Valle tannklinikk er stengt frå veke 29 til og med veke 32.