Sommarkonsert med Valle kulturskule 18. juni
Valle kulturskule slår til med sommarkonsert i Valle kultursenter i morgon torsdag 18. juni klokka 18. Alle er velkomne, og konserten er gratis.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 17.06.2026 12:18
Sist endra 17.06.2026 12:18
Valle kulturskule held sommarkonsert i Valle kultursenter torsdag 18. juni klokka 18.
Ole Birger Lien
Kulturskulen lovar mange og varierte innslag, med elevar som skal synge, danse, vere konferansierar, kvede, spele solo eller i band - akkurat det mangfaldet og den innsatsen me har blitt så vande med frå den kanten! I år er det endåtil eit teaterinnslag på lur, så her bør store og små i bygd og grend møte opp!
Første gong i kultursenteret
I og med at nye Valle kultursenter opna i april i år, så seier det seg sjølv at det er første gong Valle kulturskule held sommarkonserten sin der. Det gjev ein ekstra dimensjon til alt saman. Legg så til ivrige elevar som har øvd seg lenge, og som saman med dei tilsette gler seg veldig til konserten - så ligg alt til rette for ei flott oppleving torsdag 18. juni klokka 18!