Språkkaféen på grille- og kosetur til Bykle i morgon

Språkkaféen i Valle har sommaravslutning i morgon torsdag 11. juni - og då går turen til språkkaféen i Bykle!

Pixabay

Der oppe i fjellbygda blir det grilling, spel, gode samtalar og ikkje minst ein sjans til å få helse på hestar for dei som vil det. Som alltid er alle interesserte velkomne.

Vil ha fleire norsktalande med

Språkkaféen i Valle treng stadig fleire norsktalande som deltakarar. Og hugs, samankomstane er ikkje bare for dei som vil lære seg norsk - dei er gode høve til å bli kjent med nye menneske og nye kulturar og få ein god prat.