Stadig fleire fylgjer nyheiter frå Valle kommune på appen Friskus
Kring 2100 menneske har lasta ned appen Friskus og får nyheitsmeldingar frå Valle kommune beint inn i mobiltelefonen, og stadig fleire blir med!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 11.06.2026 09:16
Sist endra 11.06.2026 09:16

Med Friskus får ein alle nyheiter som blir lagt ut på heimesida til Valle kommune som eit PLING inn på mobiltelefonen. Sjølve saka på heimesida er då bare eitt tastetrykk unna. Aktuelle politiske saker ligg også i appen. Når ein lastar Friskus ned må ein bare hugse på å også krysse av for at det er Valle kommune ein vil fylgje! Ein kan fylgje inntil 10 kommunar i appen.
Eigen aktivitetskalender
Valle kommune har også teke i bruk ein digital aktivitetskalender som del av nyheitsappen Friskus.
Dei som alt har lasta ned Friskus og kryssa av for å fylgje Valle kommune, vil no ha tilgang til kalenderen. Også alle nye brukarar av Friskus får same tilgang.
– Både med tanke på samordning men også reint praktisk er dette ei god satsing som me har tru på. Her kan til dømes Valle IL legge inn eit skirenn på eiga hand, og så lenge dei som legg inn arrangement held seg til kriteria, så er det grei skuring, seier Gunn Marith Homme i Valle kommune.
Hovudkriteriet for den som skal legge noko inn i aktivitetskalenderen, er at det skal aldri leggjast inn kommersielle arrangement - det er det kommunale, og det friviljuge bygdelivet, som skal ha sin plass her.
– Me håpar at alle respekterer det skiljet, seier Homme.
Friskus for Android
Friskus for Apple