Statsforvaltaren med kampanjen Bo Trygt Heime

Tenk framover: Korleis vil du bu når du blir eldre? Denne veka set Statsforvaltaren søkjelyset på korleis vi kan planleggje for ein trygg og god alderdom. 11. november får alle mellom 55 og 80 år eit viktig brev i Altinn med informasjon og råd om korleis ein kan førebu seg på å bu godt også når ein blir eldre.

Dei fleste av oss ønskjer å kunne bu heime så lenge som mogleg. Men bustaden som fungerer godt i dag, er ikkje nødvendigvis like praktisk dersom behova endrar seg seinare i livet. Gjennom kampanjen «Bu trygt heime» blir innbyggjarane oppmoda til å tenkje gjennom korleis dei ønskjer å bu når dei blir eldre, og om det er noko dei kan gjere allereie no for å vere betre førebudde.

Sjekk Altinn 11. november

Den 11. november får alle mellom 55 og 80 år eit brev i Altinn. Oppmodinga er enkel: Opne brevet og ta deg tid til å lese innhaldet. Tanken er ikkje at alle skal gjere store endringar med ein gong. Små grep kan også gjere ein stor forskjell. Det kan til dømes handle om å tenkje gjennom om bustaden er praktisk dersom ein får vanskar med trapper eller rørsle, kva vedlikehald bustaden vil krevje framover, og om ein bur nær dei tenestene og tilboda ein kan få bruk for.

God planlegging gir fleire val

Eit viktig bodskap i kampanjen er at god planlegging kan gi større valfridom seinare i livet. Ved å starte refleksjonen medan ein framleis har god tid, kan det vere enklare å finne løysingar som passar eigne ønske og behov. Målet er ikkje å skape bekymring. Tvert imot handlar kampanjen om å få fleire til å tenkje framover og bli meir medvitne om kva dei sjølve kan gjere for å få ein trygg og god alderdom.

Er du mellom 55 og 80 år? Hugs å sjekke Altinn 11. november.