Tur til Sjølingstad uldvarefabrikk onsdag 26. august!

Onsdagskaféen i Valle skal på tur til Mandal og Sjølingstad uldvarefabrikk førstkomande onsdag 26. august.

Sjølingstad uldvarefabrikk

Då blir det avreise frå bensinstasjonen i Valle klokka 08.15, og så er ein i Mandal kring klokka 11.30. Vel nede blir det ein matbit og kaffi før omvisning på museet. Turen vidare går til Kastellet restaurant, der det blir middag. Pris for opplegget er 800 kr. 

For spørsmål om opplegget eller påmelding i siste liten kan ein ringe Bjørg (Bøggi) på tlf 95708242.