Ole Birger Lien
Eigenberedskap handlar ikkje om å vere redd. Det handlar om å vere førebudd. Når fleire kan klare seg sjølve ei stund, kan naudetatane og kommunane prioritere dei som treng hjelp mest. Eigenberedskapsveka blir arrangert kvart år av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i samarbeid med statsforvaltarane, kommunane, Sivilforsvaret og frivillige organisasjonar. Kampanjen har vore gjennomført årleg sidan 2019 og er ein del av Totalforsvarsåret 2026. Dei siste åra har både krig i Europa, ekstremvêr, cyberåtak og bortfall av kritisk infrastruktur vist kor sårbart eit moderne samfunn kan vere. DSB understrekar at innbyggjarane må kunne klare seg sjølve i minst ei veke dersom hjelp eller forsyningar blir forseinka. Denne tilrådinga blei utvida frå tre døgn til ei heil veke i 2024.
Årets kampanje handlar mellom anna om situasjonar der elektronisk kommunikasjon fell bort. Både mobiltelefonar, internett og digitale tenester er blitt så integrerte i kvardagen at mange vil få utfordringar allereie etter få timar utan tilgang. Difor ønskjer DSB at både kommunar og innbyggjarar skal vere betre førebudde.
Kommunane må ha planar
Eit hovudmål med eigenberedskapsveka er å sikre at kommunane har planar for krisekommunikasjon dersom straum, mobilnett eller internett blir borte. DSB oppmodar kommunane til å etablere fysiske informasjonspunkt der innbyggjarane kan møte opp og få oppdatert og kvalitetssikra informasjon under ei krise. DSB viser til at 62 prosent av kommunane opplyste i Kommuneundersøkinga 2025 at dei hadde planlagt alternativ kommunikasjon med innbyggjarane ved langvarig bortfall av straum og elektronisk kommunikasjon. Samstundes seier undersøkinga ikkje noko om planane er øvde eller om innbyggjarane veit kva som gjeld.
Kva bør du ha heime?
Myndigheitene tilrår at alle husstandar har eit lager som gjer dei i stand til å klare seg i minst sju døgn. Det omfattar mellom anna:
- drikkevatn
- mat som toler lagring
- varmekjelder og varme klede
- batteri eller sveiveradio med DAB
- lommelykter og ekstra batteri
- førstehjelpsutstyr og nødvendige medisinar
- ladde batteribankar til mobiltelefonar
DSB understrekar også kor viktig det er å vite kvar ein kan få informasjon dersom digitale kanalar fell bort.
Folk flest er meir uroa
DSB si befolkningsundersøking frå 2026 viser at fleire nordmenn er bekymra for store kriser enn tidlegare. Heile 53 prosent oppgir cyberåtak som ei av dei største bekymringane dei neste fem åra. Samstundes er uroa for ekstremvêr og naturhendingar aukande. 37 prosent seier dei er bekymra for å bli ramma av ei større krise, mot 28 prosent i 2023. (DSB.no)