Valle kommune manglar ein (1) bøsseberar til TV-aksjonen!

Førstkomande sundag 18. oktober er det klart for årets TV-aksjon til inntekt for NRC Flyktninghjelpen. Valle kommune har klart å skaffe bøsseberarar til heile kommunen, med unnatak av Bjørgum/Hovet i Hylestad. Kan nokon tenke seg å gjere ein innsats der?

Målet med årets TV-aksjon er å skaffe nok pengar til å hjelpe 400.000 menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida.Pengane frå aksjonen skal mellom anna gå til nødbustader, reparasjon av heimar, tilgang til reint vatn, sanitærtilbod og juridisk hjelp for flyktningar i land som Syria, Gaza, Sudan, Tsjad, Den demokratiske republikken Kongo og Afghanistan. 

Den som kan tenke seg å ta området Bjørgum/Hovet må melde seg til kommunen på tlf 37937500.