iValle ut til folket! Frå venstre: Gunn Marith Homme, Annbjørg Bjørgum Sagneskar og Ole Birger Lien.
Valle kommune
I redaksjonen bak iValle sit redaktør Ole Birger Lien saman med Gunn Marith Homme og Torunn Charlotte Nyberg. I fjor handla magasinet først og fremst om det gode bygdelivet i kommunen. Den dimensjonen er også med i utgåve 2, men den raude tråden i år er lokalt næringsliv. Stort og smått, alt frå gründarar som legg stein på stein på eiga hand, til verksemder med skikkeleg vind i segla og som kan vise til vekst og utvikling.
– Med det mangfaldet som er i Valle kommune har redaksjonen funne ei rik kjelde å ause frå, seier kommunedirektør Vidar H. Homme.
Også den kommunale støtte- og samspelrolla opp mot næringslivet har fått plass i magasinet.
– Det har vore eit poeng for oss å vise breidden ein finn i kommunen, alt det som går føre seg i det daglege i bygd og grend. All aktiviteten og menneska her er reklame i seg sjølv, og viser eit aktivt og innhaldsrikt bygdeliv. Så håpar eg at folk set pris på magasinet, seier Ole Birger Lien.
Utflutt ungdom får iValle i posten
I tillegg til utlevering til alle fastbuande er magasinet også å finne lagt ut i butikkar lokalt og på Setesdalsmuseet, og det skal delast ut mellom anna under Landskappleiken, Sauesjå og Arendalsveka.
– Så sender me det også ut til lokal ungdom som har flutt ut. Både som ei helsing heimefrå, men også som ei påminning om at me gjerne vil at dei kjem heim etter kvart, seier Homme.
Nøgd med produktet
Kommunedirektøren er svært nøgd med resultatet.
– Magasinformatet gjev rom til å gå djupare og fortelje det me meiner er lesverdige og flotte historiar om ulike menneske i lokalsamfunnet. Tanken er ikkje berre å informere, men også å byggje stoltheit og identitet. Både sluttproduktet og det at me får dette til med interne krefter gjer meg stolt, seier kommunedirektør Vidar H. Homme.
iValle årgang 2.