Valle kommune til stades på sørgegudsteneste i Hylestad kyrkje sundag

I samband med bortgangen til Kong Harald V blir det skipa til sørgegudsteneste i Hylestad kyrkje førstkomande sundag 6. september klokka 11. Både ordførar Lars Tarald Myrum, varaordførar Margit Dale og kommunedirektør Vidar H. Homme deltek på vegne av Valle kommune.

Det er sørgegudsteneste i Hylestad kyrkje sundag 6. september klokka 11. Ole Birger Lien

Gudstenesta sundag er open for alle som vil vere med. Kyrkjene i kommunen er opne kvar dag fram til gravferdsdagen onsdag 9. september.  Viss nokon legg ned teikningar eller helsingar i kyrkjerommet blir alt saman samla inn og delt med Slottet saman med kondolanseprotokollane som no ligg ute. Det same gjeld teikningar og anna som kjem inn frå skule eller barnehagar.

Samling ved Valle bygdeheim

Valle kommune skipar til samling ved Valle bygdeheim til gravferda onsdag 9. september.Me kjem tilbake til tidspunkt og detaljar om programmet. Samankomsten er open for alle, unge og gamle, fastbuande og tilreisande. Klokka 13 blir det eit minutts stillheit - ei markering som går føre seg landet over. 

Markert på ulike vis

Bortgangen til ein elska monark er markert på fleire vis i Valle kommune. På Valle skule vart alle elevar frå 1.- 10. klasse samla måndag. Dei fekk sjå film om Kong Harald sitt liv og virke, og dei fekk sjå den første offisielle talen til Kong Haakon VIII. Politiske møter i Valle kommune før gravferdsdagen blir gjennomførte som planlagt, men med eit minutts stillheit når møta tar til. Møter som var planlagt til onsdag 9. september blir utsette til etter gravferda. Valle kommune har flagga på halv stong sidan fredag - og kjem til å gjere det til gravferda er over. Sist fredag vart det lagt ut kondolanseprotokoll i kommunehuset i Valle. Protokollen er tilgjengeleg kvardagar mellom klokka 07.30-15 fram til gravferda. Gravferdsdagen blir protokollen å finne på bygdeheimen. Det er lagt ut kondolanseprotokoll også i kyrkjene i kommunen.