Valle med i nasjonal øving på atomberedskap

Valle kommune deltek i dag i den nasjonale atomberedskapsøvinga saman med Statsforvaltaren, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA), andre kommunar og fleire beredskapsaktørar. Målet er å styrkje evna til å handtere ei alvorleg atomhending og sikre rask, tydeleg og samordna informasjon til innbyggjarane.

Frå beredskapsøving i Valle. Frå venstre: Eirik Skogen, kommunedirektør Vidar H. Homme, Gudrun Sagneskar og Gunn Marith Homme. Annbjørg Bjørgum Sagneskar

Øvinga tek utgangspunkt i eit tenkt utslepp frå eit kjernekraftanlegg i utlandet, der radioaktiv forureining kan bli ført med luftstraumar mot Noreg. Deltakarane skal øve på korleis situasjonen kan påverke kommunen, kva tiltak som kan vere aktuelle, og korleis innbyggjarane skal få viktig informasjon dersom ei slik hending skulle oppstå. For Valle kommune handlar øvinga om å teste planverk, samhandling og kommunikasjon. 

Rolleforståing

Sjølv om risikoen for ei alvorleg atomhending er liten, er det viktig å vere godt førebudd. God beredskap handlar om å kjenne rollene sine, dele informasjon og kunne handle raskt dersom noko uventa skjer.  Norsk atomberedskap er bygd opp rundt Kriseutvalet for atomberedskap, der DSA har ei sentral rolle. Kommunane er ein viktig del av denne beredskapen og skal ha oppdaterte planar for å kunne handtere atomhendingar lokalt.