Valle nr. 1 på kultur i Noreg!
Valle kommune markerer seg sterkt på fleire område i Kommunebarometeret 2026. Aller best går det innan kultur, der Valle er rangert som nummer éin av dei 357 kommunane i landet. Kommunen kjem også svært høgt på økonomi, sosialteneste og pleie og omsorg. Nytt er det at inntektsnivået til den enkelte kommune blir teke med i berekninga, noko som sjølvsagt gjev eit justert samanlikningsgrunnlag og er med i den oppdaterte totalrangeringa i Kommunebarometeret.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 19.11.2026 14:56
Sist endra 19.11.2026 14:57
Ole Birger Lien
Kommunebarometeret viser store variasjonar mellom dei ulike tenesteområda i Valle. Den aller sterkaste plasseringa finn vi innan kultur. Her går Valle heilt til topps med 1. plass i landet. Også den kommunale økonomien kjem svært godt ut. Med 21. plass av 357 kommunar er Valle blant dei beste kommunane i landet på dette området. Fleire av dei viktige velferdstenestene kjem også godt ut. Valle er nummer 53 innan sosialteneste, nummer 73 innan pleie og omsorg og nummer 102 innan helse. Klima og natur kjem på 130. plass. Samla endar Valle på 208. plass av dei 357 kommunane som er med i undersøkinga. På enkelte område ligg kommunen lenger nede på lista, men resultata viser samtidig at ein liten kommune kan hevde seg svært godt nasjonalt på fleire sentrale område.
Samanliknar alle kommunane
Kommunebarometeret er ei årleg rangering utarbeidd av Kommunal Rapport. Rangeringa byggjer på offentleg tilgjengelege data frå offisielle kjelder. I 2026-utgåva blir kommunane samanlikna gjennom 157 nøkkeltal fordelte på 12 sektorar. Tala er i hovudsak resultat frå 2025 og er mellom anna henta frå Statistisk sentralbyrå sin Kostra-database og ulike direktorat. Sektorane tel ulikt i den samla rangeringa. Grunnskule og pleie og omsorg veg tyngst, medan mellom anna økonomi, barnehage, helse, sosialteneste og kultur inngår med ulik vekt. Rangeringa må difor lesast som eit samla samanlikningsverktøy, og ikkje berre som ei enkel karakterbok over kommunen.
For Valle er det likevel særleg eitt resultat som skil seg ut: Ingen kommune i landet er rangert høgare på kultur.