Valle og Bykle med "Eigenberedskaps-T-skjorte"!
Under eit felles beredskapsmøte mellom kommunane Valle og Bykle i vinter kom Bykle-ordførar Hans Blattmann med ein ide om at kan hende skulle alle som er flinke med eigenberedskap få ei T-skjorte frå kommunen? Som sagt så gjort, no, i den lokale eigenberedskapsveka dei to kommunane er inne i - lanserer me “Blattmann-skjorta”!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 09.06.2026 14:48
Sist endra 09.06.2026 14:48
Valle-ordførar Lars Tarald Myrum med eigenberedskaps-T-skjorta.
Ole Birger Lien
På T-skjorta står det Héve du - altså “har du” - og på ryggen “eigenberedskapslager”. Under er det trykt på ein QR-kode - og scanner du den kjem du rett til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sine lister over kva du bør ha i eigenberedskapslageret. Ei flott T-skjorte, som sjølvsagt også er pynta med kommunevåpenet!
T-skjorte til heldige vinnarar!
Alle som meiner dei har fylgt råda til DSB, og som har eit fullgodt eigenberedskapslager, kan no registrere dette via kommunen si heimeside. Blant dei som registrerer seg trekk me heldige vinnarar av T-skjorta.
– Det er sjølvsagt litt for moro dette her, men også veldig alvor. Heile poenget med at så mange som råd skal ha eigenberedskapslager og kunne klare seg heime aleine ei viss tid - er at det offentlege og alle hjelpeaktørar skal ha ressursar til dei som verkeleg treng hjelp i ein beredskapssituasjon. Difor håpar eg no at så mange som råd sikrar seg eit godt lager - og T-skjorta kan eg anbefale på det varmaste, humrar Valle-ordførar Lars Tarald Myrum.
Her er lenke til registrering av eigenberedskapslager
På ryggen er det ein QR-kode som går rett til DSB sine tilrådingar for kva eigenberedskapslageret skal innehalde.
Ole Birger Lien