Valle og Bykle opprettar beredskapsråd

Som del av beredskapsarbeidet i kommunane Valle og Bykle skal det no etablerast eit såkalla beredskapsråd som ein sentral arena for samordning av samfunnstryggleik og beredskap. Rådet skal styrke samarbeidet både mellom kommunane men ikkje minst opp mot relevante aktørar elles i lokalsamfunnet. Saka vart drøfta under eit felles beredskapsmøte mellom dei to kommunane måndag i denne veka.

Frå beredskapsmøtet mellom Valle og Bykle denne veka. Frå venstre: Leiar pleie- og omsorg, Solveig Kyrvestad, leiar velkomst og fungerande beredskapskoordinator i Valle kommune, Gunn Marith Homme, varaordførar Margit Dale og ordførar Lars Tarald Myrum. Ole Birger Lien

Beredskapsrådet skal ha faste møtetider, der kommunane og utvalde aktørar samlar seg for å drøfte status, utfordringar og det meste som handlar om beredskap. Råde skal vere rådgjevande og koordinerande, men ikkje eit beslutningsorgan. 

Fleire oppgåver

Det interkommunale beredskapsrådet i Valle og Bykle skal mellom anna drive med forebyggjing og risikoanalyse, planlegging og samordning av planverk, støtte under kriser og ikkje minst læring og evaluering etter hendingar. I rådet skal, i tillegg til kommunane, representantar for alt frå politi til helse, Heimevernet og ei heil rekke andre aktørar delta. I utgangspunktet skal beredskapsrådet møtast 1-2 gonger i året - og arbeidet som blir gjort skal evaluerast årleg. Det første møtet i beredskapsrådet i Valle og Bykle blir gjennomført i løpet av hausten i år.

Her kan du lese meir om kva eit beredskapråd er.

Mellombels beredskapskoordinator

På grunn av endringar i administrasjonen i Valle kommune blir det frå no og inntil vidare Gunn Marith Homme, til dagleg leiar velkomst i kommunen, som tar over som kommunal beredskapskoordinator.Dette er ei mellombels ordning til ei permanent løysing er på plass.