Valle-ordføraren drøfta villrein med klima- og miljøministeren

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum trefte sist veke som del av ein delegasjon frå Utmarkskommunenes Sammenslutning (USS) Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen. Hovudtemaet var forslag til avbøtande tiltak for villreinen og kva konsekvensar slike inngrep vil føre til lokalt.

Valle-ordførar Lars Tarald Myrum (t.v.) trefte klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen sist veke. Temaet var tiltaksplanar for villrein. Myrum deltok som del av ein delegasjon frå USS. - Klikk for stort bileteValle-ordførar Lars Tarald Myrum (t.v.) trefte klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen sist veke. Temaet var tiltaksplanar for villrein. Myrum deltok som del av ein delegasjon frå USS. Torbjørn Lange

Det var tidlegare leiar i USS, Hanne Velure, som sendte eit brev til klima- og miljødepartementet der ho gav uttrykk for sterk uro knytta til både dei juridiske og ikkje minst dei faktiske konsekvensane av prosessane kring villreinmeldinga og tiltaksplanane. Som respons fekk USS invitasjon til møte med statsråden.

– Dårleg prosess så langt

Hovudbodskapen frå USS i møtet var at prosessen til no har vore svært mangelfull. Lokal medverknad er heilt nødvendig, noko det ikkje har vore i det heile til no. 

– Så vart det peika på at ein slett ikkje kan sjå alle villreinområde under eitt. Her er skilnader ein må ha med i prosessane på ein heilt annan måte enn det ein har sett til no. Plansystemet må fylgjast, ein kan ikkje lage særordningar som slår beina under vurderingane som ligg til grunn i plan- og bygningslova, seier Valle-ordførar Lars Tarald Myrum.

– Store konsekvensar

Han la under møtet med statsråden ikkje skjul på at dei samla konsekvensane av dei potensielle tiltaksplanane blir svært alvorlege. 

– Her må ein ta lokale omsyn, og kommunane må koblast mykje tettare på prosessen. Me har eit levande støylsmiljø, ein kultur som i generasjonar har vore grunnlaget for bygdefolket i kommunen. Det skal ein ikkje skalte og valte med. I tillegg vil mange av inngrepa få store og potensielt øydeleggjande konsekvensar for næringslivet, sa Valle-ordføraren under møtet.