Valle-ordføraren på open høyring om villreinmeldinga

Tysdag i denne veka deltok Valle-ordførar Lars Tarald Myrum på open høyring i stortingets energi- og miljøkomite der temaet var den mykje omtalte villreinmeldinga.

Myrum kom til hovudstaden for å leggje fram Valle kommune sitt syn på ei melding som inneheld ei rekke tiltak som skal vere avbøtande for villreinen. Han har tidlegare streka under at mange av tiltaka vil gripe sterkt inn på den kommunale sjølvråderetten. Eitt av forslaga i meldinga er at ein skal vurdere å sjå bort frå Heieplanen, eitt anna opnar for at alt vedtekne planar i kommunane kan settast til sides.

– Ingen lokal medverknad

– Det var viktig å delta i Oslo. Det blir sagt at alle skal gjere noko. Me fryktar at det fort blir ei for stor totalbelastning på enkelte kommunar. Dette er inngripande både for bygdefolk og næring, og me har til no ikkje fått lokal medverknad i prosessane, seier Lars Tarald Myrum.

HER er lenke til Myrum sine innlegg i høyringa, og påfylgjande spørsmål og svar.