Leiar kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg, gler seg over at kommunen er nr. 1 i landet innan kultur på Kommunebarometeret.
Ole Birger Lien
Bak tala og det flotte resultatet står engasjerte tilsette i kultursektoren, eit yrande og aktivt dugnadsliv, og ikkje minst ein kommune som er prega av politisk vilje til satsing nettopp på kultur. Kommunebarometeret vurderer kommunane på fleire område, og innan kultur blir det lagt vekt på ei rekkje kriterium. Dette omfattar mellom anna kor mykje kommunen prioriterer kultur i budsjettet, tilgjenge til bibliotek og kulturskule, breidda i kulturtilbodet, støtte til frivillig kulturliv og deltaking i ulike kulturaktivitetar. Også kvaliteten på tilbodet og kor godt kommunen legg til rette for både profesjonelle utøvarar og frivillige aktørar, blir vurdert.
At Valle kjem best ut på desse målepunkta, blir sett som eit resultat av langsiktig og målretta arbeid.
– Dette er eit resultat vi er stolte av. Vi har over tid jobba systematisk for å byggje opp eit sterkt kulturtilbod som både tek vare på tradisjonar og legg til rette for nyskaping, seier leiar for kultur i Valle kommune, Torunn Charlotte Nyberg.
Unesco og kultursenter
Valle er frå før kjend som ein kulturkommune, med sterke tradisjonar innan folkemusikk, handverk og lokal kulturarv. Kommunen har også eit aktivt frivillig miljø, med lag og organisasjonar som bidreg til eit levande kulturliv gjennom heile året. Dei siste åra har kulturarbeidet i Valle skote ekstra fart både i form av folkemusikk- og spel inn i Unesco sine lister over imateriell verdsarv og ikkje minst det nye kultursenteret i Valle, som opna i april i år.
Nyberg peikar på at samspelet mellom kommune og frivillig sektor er avgjerande for suksessen.
– Det er innbyggjarane sjølve som skaper kulturen. Vår rolle som kommune er å leggje til rette, støtte opp og bidra med gode rammer. Når vi lukkast med det, får vi eit rikt og mangfaldig kulturliv, seier ho.
Ho trekkjer også fram at kommunen har prioritert tilgang til kulturtilbod for alle aldersgrupper, frå barn og unge i kulturskulen til eldre som deltek på aktivitetar og arrangement.
– Vi har også satsa mykje på å utvikle Valle bibliotek som møteplass for alle aldrar og arrangement, held Nyberg fram.
Kommunebarometeret si rangering stadfestar på alle vis Valle sin posisjon som ein av dei fremste kulturkommunane i landet – og gir inspirasjon til vidare satsing.
– Vi tek dette som ei anerkjenning, men også som ein motivasjon til å halde fram utviklinga. Kulturlivet er i stadig endring, og vi skal vere ein kommune som både tek vare på tradisjonane og ser framover, seier Nyberg.